10. des. 2009

Everybody was terracotta-fighting!


Var er varjen???


Me hadde ein super avsluttning i Beijing. Mikael (guiden vår) tok seg godt av uss, med utsøkt and, kaffe heime i det koselige vesle huset sitt, og hjalp uss å finne rett tog. Det tok litt lenger tid enn vanlig å koma seg til stasjonen, for delar av hovedvegen var stengt pga. President Obama som driv og forfølger uss.
Kupeen vår hadde tre-etasjars køyeseng. Og heldige som me var skulle me sova øverst. "Ingen sak" tenkte me, og kikka på den bitte vesle sekken vår. I kupeen vår var også Snork-hardt. Han og Snork-soft hadde ein givande samtale heile natta igjennom.
Ågot og Beate fekk ikkje delta, for den gikk på kinesisk, nærmare bestemt mandarin.
Me er så heldige å møte på ein hjelpsam guide, han er Harry Potter sin kinesiske bror, med ein gang me har sjekka inn på hotellet i Xi'an.
Han vil være sjåfør for uss den dagen. Terra-cotta soldatane står øverst på ynskjelista vår. Mr. Potter lurar uss inn på eit slags museum der me ikkje sjønnar nokon ting. Utstillingsobjekta står gjøymt inne i buskun. "Nedtur" tenker me å stikk med ein gong me får sjansen.
Dugurden vår er eit lass me kjempe-nudla, og Ågot får konstantert at Beate er ein gris.
Inne på Terra-cotta område møter me på bonden som i 1940-åra oppdaga eit arkeologisk funn når han skulle grava etter vatn.
Lite visste han om at ein dag skulle han sita like viktig som Qing-dynastiets keiser, å signere kort og bøkar for kunnskaps-svoltne turistar.



Når ein keisar døde, trudde dei at han kom til ein ny verden tilsvarande denne verden. Derfor måtte han ha med seg alt han trengte for å få til eit fungerande samfunn i den nye verden.
Vesle keiser Qin Shihuang vår ein nobel mann. Istadenfor å drepe mange uskuldige sivile, bestemte Keisaren, etter tips frå ein klok mann, at han skulle laga eit heilt samfunn av menneske og dyr lagd av leire. Alle desse figurane vart laga for hand, og alle er unike.
Det tok 38 år og lage denne enorme hæren. Arbeiderar som ikkje jobba fort nok, eller ikkje gjorde ein bra nok jobb, vart drept og gravlagt i sitt eiga vesle gravkammer.
Alt i alt meinar dei å ha 8000 terra-cotta soldatar og hestar.




Terracotta-warriors...




Den berømte bonden... hehe




Morgonen etter sett me uss på toget til Lanzhou. Me vil konkludere med at kineserar synest det er VELDIG spanande med bleikfisar. Noko dei ikkje prøvar å skjule så veldig godt. Det er faktisk nesten som å vera på museum.
Når me skulle skrive navnet vårt på eit skjema til togdama, samla faktisk heile kupeen seg rundt uss for å sjå ko som va på fære! Mr. Ekkel ville sita saman me uss. Han åt froskelår, sputta på golvet, slafsa og smatta, strirra og glodde, lukta urin og var ein stor lorteklank.
Me kom uss heilberga av toget og inn på hotellet. I dag har me stressa rundt for å kjøpe bussbillett til Dongchang, der Astrid bur.
Det var ikkje lett sidan ingen pratar engelsk, og me ikkje pratar kinesisk. Me fekk til slutt signalisert at me ville ringe til Astrid etter mykje fram og attende. Ho prata fyrst med uss, så med kineserdama, og slik dreiv me på i ein times tid. Me vil skryte av veldig hjelpsamt personale. Det må vera ein tolmodighetsprøve med to viking jentu som ikkje skjønna nokon ting.
Til slutt vil me berre si at alle hotell me har budd på har vore kjempe kalde. Me sit med ytterkleu på, under dyna.
I morgo ska me upp kl 6. Ågot grua seg!
Over...

2 kommentarer:

  1. Konge! Det ser ut som om de klarar dykk godt gatelangs i Beijing, sjølv om de ikkje kan kinesisk. Tenker det var imponerande med muren..? Det var hefitge mengder med terra-cotta soldatar..!
    Det er godt at de representerar "viking-ånda" ut i den store verda, og at de får dykk vener. Ein kjem verkleg langt med barske viking smil og store velbygde viking-kroppar, som ragar truande over dei små kinesarane!
    Mykje lykke til vidare på reisa. Gledar meg til å lese meir!
    Peace and love

    SvarSlett
  2. Du veit aa faa sagt det! Stemme alt du si! Burtsett fraa det med velbygde vikingkroppar! Viking kosten har jo ikkji vore det sama, so me ha nok tapt uss litt!
    Love and shark

    SvarSlett