10. des. 2009



Turen til Dongchang gikk over stokk og stein, fjell og vidde. Det var ein bussjåfør og ein
liten hjelper. Dei spanderte te, noko slag tå kjøt, og asjeleg god nuddelsuppe!
"Ein bussjåfør, ein bussjåfør, det er ein mann med godt humør".
Me fekk ein varm velkomst av Astrid når me endelig nådde fram, ei stor dobbeltseng å sova i,
kakao og heimelaga grove rundstykker.



Helga gikk med til ein flott fjelltur i snølagte Guan e Gou, kyrkjebesøk og meddag ilag med rektoren og diverse ansatte ved nr 1 middle school.






Utvalgte eleva helsar lærarane velkommen kvar mårgon. då må dei ha på raude band...



Det som er typisk for litt finare resteuratane i kina, er at dei har eigne private rom for kvart middagsselskap.
Me var tilsaman 9 personar som skulle eta middag sammen. Inn på bordet kom dei finaste rettar med kyllingføtter, syltelabbar, nyre, lever og kjøt og fisk av anna slag. Når me var mette og gode, informerte Astrid om at me foreløbig berre hadde fått forretten!
Attåt maten fekk me vin og te, for det høyrer kinesiske middagsselskap te. Me, fine damene, hadde tenkt å nøye uss me berre litt raudvin te maten, men det fann ikkje vertsskapet seg i... For i kinesiske middagsselskap skal kvar enkelt rundt bordet skåle med alle dei andre, ein etter ein. Og då skal det helst skålast i kvitvin. Kvitvinen var deiras hemmelege våpen, for den var STERK! Like sterk som heimebrenten på Bergaplass.
Me va heldigvis ganske gode te å lure uss unna, men for dei som ikkje var det, endte skålinga fort i ein runde "stein, saks og papir". Den som tapte måtte drikke vinen. Etter kort vart me utfordra te å delta i galskapen. Det gjekk strålande, for me va asjelegt erfarne i "stein saks papir".
Og fordi Varjane e utrulege inteligente vesen, sendte dei vinen vidare til nestemann rundt bordet når dei tapte.



Kinesisk te...




Me savna nuddelsuppa i Dangchang!



På grønsaksmarkedet.



Kinesisk taxi....



Hot-pot.



De va kaldt inne, så me måtte kle godt på uss!


Dei to neste dagane gjekk med til besøk i forskjellige klasser på skula te Astrid. Ho underviser to klasser med svakare elevar i engelsk.
Det største sjokket me fekk var når Astrid fortalde uss om skuledagen til elevane i Kina.
Dei bynar på skulen kl 07.00 og sluttar ikkje før kl 22.00. Dei eldste elevane må vera på skula heilt te kl 22.30! I løpet tå dagen har dei to lengre pauser. Dei som bur nært skula kan reise heim å ete i dei lange pausene, men dei stakkarsan som ikkje bur så nært, må vera på skula heile dagen! Elevane har skule 6 daga i viku, og av og til på sundagane me!
To av lærarane på skula inviterte uss te å komma i klassun deiras for å fortelja om Norge å skulesystemet vårt.
Då me kom inn i klasserommet vart me ynskja velkommen med rungande applaus av 60 elevar. neida... vart ikkje flaue me!
Det gjekk store sukk i gjennom klassen då me fortalde om skuledagen i Norge, og at me har lov til å ha kjæreste på skula.
I eine klassen vart me utfordra til å synge ein norsk sang. valget falt såklart på "lille petter edderkopp" me bevegelsa! Angra bittert når me kom midt ut i sangen å uppdaga at den går eit par oktavar for høgt for våre fantastiske sangstemmu. Uflaks.com






Astrid har som uppgåve å følgje upp engelskundervisningen på alle småskulene i distriktet.
Me fekk bli me Astrid ut til Dacaotan, ei av barneskulene i ein av dei mange sidedalane i Dangchang.
Dei ansette fulgte etter uss på omvisning som reverova te Gurin. Sukla va heilt ny, så dei va svært krye. Me var med å observerte i to av engelsktimane, og er glade for at me har lært engelsken vår i Norge.



Kinesiske barn har god fantasi!





Astrid e meir vand te gapakøyring enn Beate!



Te slutt vil me gje Astrid ein kjempetakk for at ho tok så godt i mot uss i ein travel kvardag. Tida i Dangchang var heilt super, og me har lært og upplevd mykje nytt og spennande!

Over.

Everybody was terracotta-fighting!


Var er varjen???


Me hadde ein super avsluttning i Beijing. Mikael (guiden vår) tok seg godt av uss, med utsøkt and, kaffe heime i det koselige vesle huset sitt, og hjalp uss å finne rett tog. Det tok litt lenger tid enn vanlig å koma seg til stasjonen, for delar av hovedvegen var stengt pga. President Obama som driv og forfølger uss.
Kupeen vår hadde tre-etasjars køyeseng. Og heldige som me var skulle me sova øverst. "Ingen sak" tenkte me, og kikka på den bitte vesle sekken vår. I kupeen vår var også Snork-hardt. Han og Snork-soft hadde ein givande samtale heile natta igjennom.
Ågot og Beate fekk ikkje delta, for den gikk på kinesisk, nærmare bestemt mandarin.
Me er så heldige å møte på ein hjelpsam guide, han er Harry Potter sin kinesiske bror, med ein gang me har sjekka inn på hotellet i Xi'an.
Han vil være sjåfør for uss den dagen. Terra-cotta soldatane står øverst på ynskjelista vår. Mr. Potter lurar uss inn på eit slags museum der me ikkje sjønnar nokon ting. Utstillingsobjekta står gjøymt inne i buskun. "Nedtur" tenker me å stikk med ein gong me får sjansen.
Dugurden vår er eit lass me kjempe-nudla, og Ågot får konstantert at Beate er ein gris.
Inne på Terra-cotta område møter me på bonden som i 1940-åra oppdaga eit arkeologisk funn når han skulle grava etter vatn.
Lite visste han om at ein dag skulle han sita like viktig som Qing-dynastiets keiser, å signere kort og bøkar for kunnskaps-svoltne turistar.



Når ein keisar døde, trudde dei at han kom til ein ny verden tilsvarande denne verden. Derfor måtte han ha med seg alt han trengte for å få til eit fungerande samfunn i den nye verden.
Vesle keiser Qin Shihuang vår ein nobel mann. Istadenfor å drepe mange uskuldige sivile, bestemte Keisaren, etter tips frå ein klok mann, at han skulle laga eit heilt samfunn av menneske og dyr lagd av leire. Alle desse figurane vart laga for hand, og alle er unike.
Det tok 38 år og lage denne enorme hæren. Arbeiderar som ikkje jobba fort nok, eller ikkje gjorde ein bra nok jobb, vart drept og gravlagt i sitt eiga vesle gravkammer.
Alt i alt meinar dei å ha 8000 terra-cotta soldatar og hestar.




Terracotta-warriors...




Den berømte bonden... hehe




Morgonen etter sett me uss på toget til Lanzhou. Me vil konkludere med at kineserar synest det er VELDIG spanande med bleikfisar. Noko dei ikkje prøvar å skjule så veldig godt. Det er faktisk nesten som å vera på museum.
Når me skulle skrive navnet vårt på eit skjema til togdama, samla faktisk heile kupeen seg rundt uss for å sjå ko som va på fære! Mr. Ekkel ville sita saman me uss. Han åt froskelår, sputta på golvet, slafsa og smatta, strirra og glodde, lukta urin og var ein stor lorteklank.
Me kom uss heilberga av toget og inn på hotellet. I dag har me stressa rundt for å kjøpe bussbillett til Dongchang, der Astrid bur.
Det var ikkje lett sidan ingen pratar engelsk, og me ikkje pratar kinesisk. Me fekk til slutt signalisert at me ville ringe til Astrid etter mykje fram og attende. Ho prata fyrst med uss, så med kineserdama, og slik dreiv me på i ein times tid. Me vil skryte av veldig hjelpsamt personale. Det må vera ein tolmodighetsprøve med to viking jentu som ikkje skjønna nokon ting.
Til slutt vil me berre si at alle hotell me har budd på har vore kjempe kalde. Me sit med ytterkleu på, under dyna.
I morgo ska me upp kl 6. Ågot grua seg!
Over...

Beijing - ett hjem for oss, ett hjem for deg!


Im swimming in the ocean!




Speed-talking-Mikael tek uss med til eit lite hotell midt i Beijing City. Der får me dobbelrom med to store senger og bad med gjennomsiktige veggar til den nette sum av 100 nok pr. person.
Mikael meiner at me treng dagen til å kvile uss på, og avtalar å møte oss seinare på kvelden
for å hjælpe uss med å kjøpe biletta til Xian og andre ting me måtte lure på.



Å kvile etter å ha sitti stille på eit tog i 7 daga va lite aktuellt, så me bestemte uss for å
prøve å komma uss te Den Kinesiske Mur. På gata prøvde me å finne ein kinesar som kunne engelsk,
men utan hell. Men til vår store begeistring va de ein fyr som skjønte at me var heilt burtkomne,
og han kom springande etter oss med eit bykart på engelsk. Takk!







Ein Sør-Afrikansk forbipasserande tipsa oss om å reise til Mûtiânyû 90 km aust for Beijing.
Ved denna delen av muren va det ikkje så mange turista, å me kunne sjå både restaurerte delar av muren og delar av den orginale muren som ingen hadde gjort noko med sidan Genghis Khaan og mongoleran herja.




Dessa luringan tvinga uss te å ta bilde me se, å etterpå måtte me jo så klart betala dei for det!




Speed-talking-Mikael.....


Beate ordna lorteklanken sin på hotellet.....



Hallo trøtte tryne!



Fleir som har ordna lorteklanken sin......


I denna gryta meina enkelte at dei kokte ris, andre si dei hadde vatn der i tilfelle de skulle bli brann....

Ellers har me vore ein tur i Den Forbudte By, som består av orginale hus og palass frå Ming og Qing - dynastia.
Me har brukt mykje tid på å strene gatelangs fordi taxisjoførane ikkje skjønnar kor me skal,
og det er veldig lange distansar mellom kvar plass her i Beijing.






I Beijing e de strengt forbutt å spela trompet enkelte plassa..




Speed-talking-Maikel har hatt oss med på kinesisk akrobatshow (dritkult), cafe, og i dag, siste dagen i Beijing, skal han ta oss med ut for å eta Beijing-duck. Etter middag er me invitert heim på kaffi, før han skal følge uss på toget til Xian.


Mikael va heilt sikker på at denna messing-greia va laga tå gull.... så den skulle han selga dyrt! hehe.....

Over. (ps. Hotell Cesar ska bytte navn te Thon's Hotell.... sant Gunnhild?)

HELP!!!

Me treng raad! Sea bloggen vaar er paa russisk, lura me paa om det e nokon taa dikkon som kan hjolpe uss med aa faa den paa norsk?
Fordi me kan overraskande nok ikkje russisk, etter 10 daga i Sibir. Tru det eller ei!

Crazy cats is rocking to the beat!

5. des. 2009

24/7 Moscow - Peking

06.11.09 - Den Store Ventedagen...

I dag måtte me sjekke ut av Swerka hostel kl 1100. Litt drit, i og med at toget vårt ikkje
går fyri kl 2355. Hipp hurra! Me tek føtan fatt, og sett kursen mot Den Røde plass. På vegen finn me ein liten koseleg cafe, og er veldig stolte over å klare å bestille varm sjokolade sjølv om menyen er på russisk. Me ventar i god tru på kakaoen vår, men ender opp med ein kopp
smelta, varm, deilig sjokolade.



I dag er Den Røde plass open for publikum, og me tek turen inn i St. Basil's kyrkje. Den ser ut som eit stort, indisk tempel frå utsida. Me syntest at den såg spennande ut, så me bestemte uss for å ta turen inn. Desverre va det ikkje lov te å ta bildu der inne... Men det va stort sett berre
mange små rom med gamle relieff.
På veg tilbake til Swerka fann me ein ny, liten cafe der me kjøpte oss kaffi. For å få tida til å gå, fann me ut at me skulle spela kort, men det fekk me ikkje lov te hjå russer-mannen!
Så då pakka me sekken og gjekk der i frå.
Me hadde laga handleliste for maten me skulle ha med på togturen;

- 3 philadelphia ost me kvitlauk
- 6 pakku knekkebrø
- 12 pakku nudla
- suppepåsa

Etter at handlinga va unnagjort hadde me ingenting å finne på, så me tusla heim te kjære Swerka. Der satt gamle Babushka i sofaen og såg på tv. Me va eigentle litt redd for Babushka, fordi ho vart så morsk på beate då ho sprang sokkelaus i gangen. Men sea me ikkje hadde nokon anna plass å gå, så måtte me fint setta uss i sofaen me og.
Me synte ho togbilettan våres og at me hadde handla inn mat te turen. Ho meinte at me hadde
me uss alt for lite mat, og at me i allefall måtte ha me kjøt. For å sjarmere Babushka'en,
tok Beate fram strikketøyet sitt. Det fungerte bra, for ho vart kjempeinponert :)




Dag 1:
Me gikk til stasjonen i god tid før toget skulle gå. Me sekkar så store som fjell (nærmare bestemt Besseggen).
Kupeen er så liten at det nesten ikkje er plass til både uss og sekkane, og heldigvis skal det pressast inn to russerar med baggasje. Etter mykje ommøblering er alt på plass. Ingen av våre kupe-mates kunne engelsk, men kroppsspråk fungerte bra. Mannen me budde med stod for det meste ute på gangen i den fine bokseren sin! Den var blå med litt lyseblått mønster på. Kjempefin! Dama me budde med heitte Sieta, og var veldig søt. Trur me.Dag 2:
Nabokupeen vår består av ein gjeng MMAB (Mongo Mongolian Army Boys) som fant ut at det var mykje kjekkare å henge i vår kupe, enn sin eigen. Det var artig den første timen, men sidan dei ikkji kunne engelsk var det begrensa kor givande samtala vart.



Dette fant me ut om MMAB:

- Fallskjermjegera, og er veldig stolt av det.
- Likar stripete pysjamas
- Fleece army kleu
- Diggar teckno (på engelsk, som dei ikkje sjønnar) så høgt at me høyrte dei heilt i frå vogn 10 (me budde i vogn 1)
- Elendig til å flørte. (Her fant me ut at no var det nok, og me vil helst ha kupeen for uss sjøl)



MMAB var dårlig til å ta hintet av kor usedvanlig uvelkomne dei var i kupe nr. 3. Dei inviterte sin gode, dansande ven, og hans vodka flaske. Her fekk me uppleve russisk drikkepress, korv, valnøtta, frø og eple høyre med.



Den dansande venen fant Hellbillies svært fengande, og slo hælan i taket!
Seinar på kvelden går våre to kupe-mates av toget. Her får me selskap av Cheng Chu, ein kinesisk kampsport spesialist, som har vore i Perm på kampsportstevne. Han likar å peike og mime, og sjønnar fort kva me synast om MMAB.



MMAB har skjønt at dei ikkje er så populære lenger, har no bestemt seg for å verta kompis med Cheng Chu, slik at dei kan fortsette å henge i kupeen vår å irritere uss. Cheng Chu brukar sine kampsport triks og hiv dei ut døra.



Dag 3:
Me vaknar tidleg denne vakre dagen i Sibir sitt ville landskap.



Planen er å pakke veska, stikke i resturant vogna for å sleppe tryne på MMAB. Her blir me verande heilt til sola går ned.






Ettersom ikkje me skjønnar russisk, og ingen i toget kan engelsk, kjøper me kun ting me ser. Valget fell på sjokolade, brus og mandarin. Næringsrik nonsmat.
Heldigvis er resaurantfolka vorte glad i uss. Så når me skal til å gå kjem dei med ei pakke "choco boy" til uss!
Reisten av kvelden går med til kroppsprat med Cheng og litt film.



Dag 4:
Reprise av dag 3. Dagens høgdepunkt: Me kjøyre forbi Baikal sjøen, verdens djupaste innsjø med der 80% av dyrelivet er unikt fra andre plassar i verda. Ikkje nok med at me får sett dette vakre, nydelige, deilige, søte naturfenomenet, her går MMAB endelig av toget. Jubel og fest i kupe nr. 3.



Cheng Chu er ein luring. Han overbevisar uss godtruande nordmenn om at 100=3, og det er fiskar på perongen i Irkutsk.


Dag 5:
Cheng Chu kjem i superfart inn i kupe nr. 3 for å vekke uss, og bestemmer at det er på tide å eta bisk. Han mimar at me nærmar uss grensa til Kina. Der skal understellet på vogna byttast så me må ut av toget. Det visar seg at Cheng likar å ha god tid, for me vart sittande parat i minst 2 timar, før noko skjer.



Når me kjem til Zabaikalsk, den russiske grensebyen, må alle gå av. Me får beskjed om tallet fire, det kan vel berre bety at me skal enten væra attende om fire timar, eller kl fire. For å få tida til å gå utforskar me ein av dei styggaste, gråaste, kaldaste og mest forsøppla byen me har sett.



Me har høyrt at det tek minst 8 timar å krysse grensa. Etter 5 timars venting,
med mafian som skulle undersøke alt me hadde med uss over til Kina kan me endelig kjøyre vidare. Endelig! Me er både overraska og glade over at ventetida var kortare enn me trudde. Men gleden varar berre i 5 min. På den kinesiske sida er mafian endå verre.
Pass skal fram, pengar skal tellast, ulike skjema skal fyllast ut og bagasjen skal sjekkast. Eit av mange skjema handlar om svineinfluensa.



Flaks for svineÅgot. Me bestemte uss for at me aldri har hatt noko som helst med svineinfluensa å gjera, for å sleppe karantene i den triste grensebyen. Det me ikkje visste var at mafia-kineser-dama gikk rundt å målte tempraturen på alle pasasjeran. Cheng gikk glatt igjenom, Beate gikk glatt igjenom, og Ågot gikk... hmm... her var ikkje alt som det skulle. Ågot tok på seg "Hæ, eg skjønnar ingenting" uttrykket sitt. Mafia dama tok tempraturen tre gonger, og diskuterte med kollegaer på gangen, før ho kom inn at og sa "it's ok". "Phuuuuuu" tenkte smånervøse Ågot, med Tamiflu i sekken.
Cheng syntes at dette var unormalt morro, og mobba Ågot reisten av kvelden. Her sit me i 5 timar før toget, sein på kveld, sakte men sikkert rullar vidare inn i Kina.



Dag 6:
Cheng har bestemt seg for å bli tog-pappa'n vår. Ågot og Beate har bestemt seg for at det ikkje er kjekt å bli vekt tidlig på morgon å bli kommandert til å eta bisk. Cheng sit fornøygd i køya si, og slepp tre store seierssalutta idet Ågot og Beate inntek bisk. Som om ikkje lufta i kupe nr. 3 var ekkel nok frå før.



Det blir eit tårevått farvel når Cheng overlet kupe nr. 3 til uss to. Den skumle ur-russiske kupedama, som me har flykta ifrå i 6 daga er vorte mjuk. "How are you, my two little dougthers?" Me vert stumme av glede!
Me grip sjansen til turning på høgt nivå i kupe nr.3.


Her ser du den fantastiske dossen me har fyrt laus på i 7 daga...





Dag 7:
05:30 - Ankomst Beijing Railway station. Deilige og reine etter 7 dagar på tog utan dusj, ser me ikkje så mykje fram til dusj
og reint hotel rom. Den fyrste me møtar på stasjonen er Speed-talking Mikael. Han er kineser, og Beijing's einaste utgave av
ein super-turist-ven.