5. des. 2009

24/7 Moscow - Peking

06.11.09 - Den Store Ventedagen...

I dag måtte me sjekke ut av Swerka hostel kl 1100. Litt drit, i og med at toget vårt ikkje
går fyri kl 2355. Hipp hurra! Me tek føtan fatt, og sett kursen mot Den Røde plass. På vegen finn me ein liten koseleg cafe, og er veldig stolte over å klare å bestille varm sjokolade sjølv om menyen er på russisk. Me ventar i god tru på kakaoen vår, men ender opp med ein kopp
smelta, varm, deilig sjokolade.



I dag er Den Røde plass open for publikum, og me tek turen inn i St. Basil's kyrkje. Den ser ut som eit stort, indisk tempel frå utsida. Me syntest at den såg spennande ut, så me bestemte uss for å ta turen inn. Desverre va det ikkje lov te å ta bildu der inne... Men det va stort sett berre
mange små rom med gamle relieff.
På veg tilbake til Swerka fann me ein ny, liten cafe der me kjøpte oss kaffi. For å få tida til å gå, fann me ut at me skulle spela kort, men det fekk me ikkje lov te hjå russer-mannen!
Så då pakka me sekken og gjekk der i frå.
Me hadde laga handleliste for maten me skulle ha med på togturen;

- 3 philadelphia ost me kvitlauk
- 6 pakku knekkebrø
- 12 pakku nudla
- suppepåsa

Etter at handlinga va unnagjort hadde me ingenting å finne på, så me tusla heim te kjære Swerka. Der satt gamle Babushka i sofaen og såg på tv. Me va eigentle litt redd for Babushka, fordi ho vart så morsk på beate då ho sprang sokkelaus i gangen. Men sea me ikkje hadde nokon anna plass å gå, så måtte me fint setta uss i sofaen me og.
Me synte ho togbilettan våres og at me hadde handla inn mat te turen. Ho meinte at me hadde
me uss alt for lite mat, og at me i allefall måtte ha me kjøt. For å sjarmere Babushka'en,
tok Beate fram strikketøyet sitt. Det fungerte bra, for ho vart kjempeinponert :)




Dag 1:
Me gikk til stasjonen i god tid før toget skulle gå. Me sekkar så store som fjell (nærmare bestemt Besseggen).
Kupeen er så liten at det nesten ikkje er plass til både uss og sekkane, og heldigvis skal det pressast inn to russerar med baggasje. Etter mykje ommøblering er alt på plass. Ingen av våre kupe-mates kunne engelsk, men kroppsspråk fungerte bra. Mannen me budde med stod for det meste ute på gangen i den fine bokseren sin! Den var blå med litt lyseblått mønster på. Kjempefin! Dama me budde med heitte Sieta, og var veldig søt. Trur me.Dag 2:
Nabokupeen vår består av ein gjeng MMAB (Mongo Mongolian Army Boys) som fant ut at det var mykje kjekkare å henge i vår kupe, enn sin eigen. Det var artig den første timen, men sidan dei ikkji kunne engelsk var det begrensa kor givande samtala vart.



Dette fant me ut om MMAB:

- Fallskjermjegera, og er veldig stolt av det.
- Likar stripete pysjamas
- Fleece army kleu
- Diggar teckno (på engelsk, som dei ikkje sjønnar) så høgt at me høyrte dei heilt i frå vogn 10 (me budde i vogn 1)
- Elendig til å flørte. (Her fant me ut at no var det nok, og me vil helst ha kupeen for uss sjøl)



MMAB var dårlig til å ta hintet av kor usedvanlig uvelkomne dei var i kupe nr. 3. Dei inviterte sin gode, dansande ven, og hans vodka flaske. Her fekk me uppleve russisk drikkepress, korv, valnøtta, frø og eple høyre med.



Den dansande venen fant Hellbillies svært fengande, og slo hælan i taket!
Seinar på kvelden går våre to kupe-mates av toget. Her får me selskap av Cheng Chu, ein kinesisk kampsport spesialist, som har vore i Perm på kampsportstevne. Han likar å peike og mime, og sjønnar fort kva me synast om MMAB.



MMAB har skjønt at dei ikkje er så populære lenger, har no bestemt seg for å verta kompis med Cheng Chu, slik at dei kan fortsette å henge i kupeen vår å irritere uss. Cheng Chu brukar sine kampsport triks og hiv dei ut døra.



Dag 3:
Me vaknar tidleg denne vakre dagen i Sibir sitt ville landskap.



Planen er å pakke veska, stikke i resturant vogna for å sleppe tryne på MMAB. Her blir me verande heilt til sola går ned.






Ettersom ikkje me skjønnar russisk, og ingen i toget kan engelsk, kjøper me kun ting me ser. Valget fell på sjokolade, brus og mandarin. Næringsrik nonsmat.
Heldigvis er resaurantfolka vorte glad i uss. Så når me skal til å gå kjem dei med ei pakke "choco boy" til uss!
Reisten av kvelden går med til kroppsprat med Cheng og litt film.



Dag 4:
Reprise av dag 3. Dagens høgdepunkt: Me kjøyre forbi Baikal sjøen, verdens djupaste innsjø med der 80% av dyrelivet er unikt fra andre plassar i verda. Ikkje nok med at me får sett dette vakre, nydelige, deilige, søte naturfenomenet, her går MMAB endelig av toget. Jubel og fest i kupe nr. 3.



Cheng Chu er ein luring. Han overbevisar uss godtruande nordmenn om at 100=3, og det er fiskar på perongen i Irkutsk.


Dag 5:
Cheng Chu kjem i superfart inn i kupe nr. 3 for å vekke uss, og bestemmer at det er på tide å eta bisk. Han mimar at me nærmar uss grensa til Kina. Der skal understellet på vogna byttast så me må ut av toget. Det visar seg at Cheng likar å ha god tid, for me vart sittande parat i minst 2 timar, før noko skjer.



Når me kjem til Zabaikalsk, den russiske grensebyen, må alle gå av. Me får beskjed om tallet fire, det kan vel berre bety at me skal enten væra attende om fire timar, eller kl fire. For å få tida til å gå utforskar me ein av dei styggaste, gråaste, kaldaste og mest forsøppla byen me har sett.



Me har høyrt at det tek minst 8 timar å krysse grensa. Etter 5 timars venting,
med mafian som skulle undersøke alt me hadde med uss over til Kina kan me endelig kjøyre vidare. Endelig! Me er både overraska og glade over at ventetida var kortare enn me trudde. Men gleden varar berre i 5 min. På den kinesiske sida er mafian endå verre.
Pass skal fram, pengar skal tellast, ulike skjema skal fyllast ut og bagasjen skal sjekkast. Eit av mange skjema handlar om svineinfluensa.



Flaks for svineÅgot. Me bestemte uss for at me aldri har hatt noko som helst med svineinfluensa å gjera, for å sleppe karantene i den triste grensebyen. Det me ikkje visste var at mafia-kineser-dama gikk rundt å målte tempraturen på alle pasasjeran. Cheng gikk glatt igjenom, Beate gikk glatt igjenom, og Ågot gikk... hmm... her var ikkje alt som det skulle. Ågot tok på seg "Hæ, eg skjønnar ingenting" uttrykket sitt. Mafia dama tok tempraturen tre gonger, og diskuterte med kollegaer på gangen, før ho kom inn at og sa "it's ok". "Phuuuuuu" tenkte smånervøse Ågot, med Tamiflu i sekken.
Cheng syntes at dette var unormalt morro, og mobba Ågot reisten av kvelden. Her sit me i 5 timar før toget, sein på kveld, sakte men sikkert rullar vidare inn i Kina.



Dag 6:
Cheng har bestemt seg for å bli tog-pappa'n vår. Ågot og Beate har bestemt seg for at det ikkje er kjekt å bli vekt tidlig på morgon å bli kommandert til å eta bisk. Cheng sit fornøygd i køya si, og slepp tre store seierssalutta idet Ågot og Beate inntek bisk. Som om ikkje lufta i kupe nr. 3 var ekkel nok frå før.



Det blir eit tårevått farvel når Cheng overlet kupe nr. 3 til uss to. Den skumle ur-russiske kupedama, som me har flykta ifrå i 6 daga er vorte mjuk. "How are you, my two little dougthers?" Me vert stumme av glede!
Me grip sjansen til turning på høgt nivå i kupe nr.3.


Her ser du den fantastiske dossen me har fyrt laus på i 7 daga...





Dag 7:
05:30 - Ankomst Beijing Railway station. Deilige og reine etter 7 dagar på tog utan dusj, ser me ikkje så mykje fram til dusj
og reint hotel rom. Den fyrste me møtar på stasjonen er Speed-talking Mikael. Han er kineser, og Beijing's einaste utgave av
ein super-turist-ven.


2 kommentarer:

  1. Wohooo =) Så kjekt å endeleg få litt oppdatering og bilete =) Høyrest ut som eit skikkeleg Beate og Ågot-Eventyr :P No sitt eg heime i Geiranger, har akkurat sett på Love Actualy(film nr. tre i dag :P). Har besøk av Beathe og Dina denne helga, så har vist dei litt rundt i "store" Geiranger :P Haha... Men no er det natta:) God natt til begge to! Og kos dokke vidare, gler meg til meir oppdatering =) Klem klem

    SvarSlett
  2. Fantastisk innlegg!
    Fytti, de har fått tida til å gå med glans på toget. Imponert av enva dykkar til å tiltrekke dykk "dodgy" mannfolk, verte god-ven me eit knippe artige folk, handtere russisk og kinesisk grense politi, og bruken av teiknespråk.
    Bileta og skildringane av dassen, kupèen, restaurant vogna, og ikkje-engelsk-snakkande folk, bragte minner frå den fantastiske togturen eg tok i 2005. Men, det verkar som om de har fått fleire interessante vener og bruka lengre tid på grensa enn det me gjorde.
    De er utruleg tøffe. Eg beundrar og misunnar dykk.
    Er de i Malaysia no? Når har de planar om å reise til Australia..?
    Ei av bestevenninnene mine her er frå 40 min frå Sydney. Ho reiser tilbake til i Februar, og vil svært gjerne møte dykk, gje dykk husrom, syne dykk natteliv i Sydney, og ta dykk med rundt omkring, dersom de ynskjer det..?
    Ho heiter Laura, er delvis crazy, sjukt morsom, har svært interessante historiar på lager, har hatt eit interessant liv, og er absolutt verdt å møte, dersom de har tid og lyst..?
    Dersom de er i området før ho kjem tilbake, sa ho at foreldra gjerne leiger ut eit rom i huset deires til ein svært billig penge, dersom de vil..!
    Gledar meg til å høyre meir frå dykk:)
    Peace, love og god bless:)

    SvarSlett