16. nov. 2010

There and back again, a blog-tale by Ågot & Beate.


Mot alle ods hadde me for ein gongs skuld alt i orden då me kom til Gardermoen klare for "take off", visum, bilettar ++. Men de ska me ikkje ha neste gong, for de e nok ikkje meiningen at me ska ha alt i orden på forhånd. Ein halvtime før flyet skulle lette såg me på oversiktstavla at flyet vårt hadde vorte kanselert! Lettare stressa ytra me vår nød i skranka,der ei blid dame tok kontroll over situasjonen og ombooka uss te eit nytt fly me ny reiserute til bali. Ei reiserute som faktisk tok 6 tima mindre enn den me eigentle hadde. Flaks! Så etter ein stopp i Sverige og Thailand landa me endeleg i heimlege trakter. Åhhh, som me har savna denna plassen. Det vart eit gledelgeg gjensyn me bølgebrus, palmesus og bakrus på Apache. Og ikkje minst me vår store, vesle familie nede på stranda :)



Etter eit par daga hadde me leigd uss to duglege sjåføra, ein bil, pakka reisesekken, tatt Somat under armen og sett kursen mot Java og Sumatra. Målet var Pagar Alam, ein liten landsby på Sumatra, heimplassen til Somat, Asep, Dhani og fleire tå dei andre bich-boys'a. Då me kom til ferga mellom Bali og Sumatra måtte me bestikke politiet for å få bli me på ferga med 20.000 rupia, endå me hadde visum og alle papir i orden. Tryggt over på Java sette me kursen mot neste ferge over til Sumatra. Noko som tok mykje lenger tid enn forventa. Me trudde me skulle køyre i tre daga og sova på hotell om nettan, men det var ikkje planen te dei andre tre. På grunn av litt "miss comunicatoin" hadde me ikkje fått me uss at me skulle køyre tre daga og tre netta i strekk før me va framme. Må innrømme at me vart litt lange i maska då me fann ut at det var slik de skulle gjerast.


Kaffeplante


Ågot e så søt og sjarmerandes at ho fekk gratis mango i fart hjå mangobilen me køyrte forbi på vegen. Då den fyrste nåtte kom va me så fantastisk heldige at me vart ståandes i traffic jam i meir enn 5 tima! men me fekk i de minste stifra godt bekjentskap me dei raude slangan og dei irrgrønne froskan i vagakanten. Me køyrte i eitt te me va framme på Sumatra, og stoppa einast når me trong mat eller eit toalettbesøk.

Dette er eit vanleg syn i Indonesia. Lastebilar og vanligebilar ligg strøydd i vegakantan!


Då me nærma uss Pagar Alam fekk me beskjed om å skifte te litt meir sømmelege kleu. For der va alle muslima, og "bolea" (kvitinga) bli godt lagt merke te der langt inne i ødemarken. Då me endele va framme og hoppa ut av bilen vart me teke meir enn godt i mot tå folk me arman opne, og te'en i baklomma. Me vart innvitert frå hus te hus te hus for å drikke te og helse på venner og slektningar frå a til å. Alle var tolmodige, blide og koselege endå de einaste me kunne var å smile og si "terima Kasih".


Me har vore med å fanga fisk i bekken, og bror til Somat og Asep er klar for å sløye!



Gigant-papaya!


Beate måtte stå upp med hanen kvar morgon for å jobbe i åkeren for kost og losji!





Frukt-huset


Me starta dagan me ein kopp te i "frukthuset" midt i risåkeren. Frukthuset var det Somat og brødrene som hadde fått bygd til faren sin. Me fekk æren av å navngi huset, då me fann ut at det var bygd berre med plankar frå ulike frukttre som papaya, mango og kokkosnøtt. Me må innrømme at detta verkeleg e de gode liv. Fisken me åt plukka me bokstavleg tala me hendan i bekken som rann mellom risåkrane, grønnsakane plukka me ferske i frå åkeren kor gong me skulle eta, Og badet vårt va ein liten bekk neom frukthuset. Der satt me på ein stein i bekken når me måtte gjera vårt fornødande, og dopapir trengte me ikkje for de va berre å dyppe fue i vatnet så vart me rein. I bekken vaska me også kleun våres, pussa tennan og dusja. Dusjinga måtte foregå me sarongen på, slik at ingen skulle bli utsett for synet av våre to blendane kvite bakendar.

Svogeren til Somat og Asep fortale uss om fyrste gongen han hadde dusja i bekken då han var på besøk heime i landsbyen med kona si. På Java der han kjem i frå dusjar dei nakne ute, og det hadde han teke som ei sjølvfølge at dei gjorde på Sumatra og. Han fann fort ut at detta ikkje va vanle der då han vart møtt me måping og vanntro hjå dei lokale, som lurte på ko i all verda han gjorde i bekken utta sarongen på. hehe...




Ågot og dei tre små fisk, Per, Hans og han som er utenlands




Kokkane er i full sving med rykande ferske råvarer



Ikkje alltid like lett etter ei nått med monsu-regn






Fishy-fish! Alt skal fortærast. Bein, hue og skinn


Onkelen til Somat og Asep ville skryte til kona si at han hadde møtt to "boleh"


Fossefalla er ikkje like sore og imponerande som heime, men jammen va det godt med ein dukkert når det e klamt og sveitt!


Surfing-Asep


The three too soons;)


Ågot vart satt på utstilling ein heil dag! Me tjente nokon titusen rupiah!


Panoramautsikt over Pagar Alam


Kim e d???



Te så langt auge kan sjå


Her skal dei bygge tusen trappetrinn! Me vil berre ybskje dei lykke til!


Frå venstre: Ågot, Tude, Gandi, Pricilla og Beate


Ein dag me va på markedet fekk me æren av å velge ut to hønu som skulle ende som grillmat seinare på kvelden. Uheldigvis va hønun levandes, og me vart sterkt knytta til stakkars Trude og Precilla som endte sina daga med halal-slakt. Men heldigvis kom det noko godt ut av det, for no kan me slakte, flå og tilberede høne sjølv til neste gong.


Utsikt frå frukt-huset. Dette vakna me til kor morgon






Gandi, Somat og Asep har sett ein "sapi gila" og gjøyme seg




Desse steinskulpturane var mange hundre år gamle. Dei rinn fortsatt mye skulpturar og dei trur det stammar frå ein stor landsby som har ligge der før. Er det nokon arkitektar der ute som er interssert så ta kontakt. Veldig spennande syns no me.







På denna planta veks det ein veldig sterkt narkotisk blome. Dei fortalde at ein mann hadde vorte gal etter å ha røyka/ete for mykje av denne vakre blomen!


Familiebilete med dei søte damun i landsbyen


Pricilla bli halal-slakta... snufs (livet er hardt)


Ågot sørger over Trude og Pricilla



Men godt smakte dei...

Tidleg ein mårgon vart me vekt for å bli me onkelen til Somat og Asep ut i risåkeren for å fløtta fisk frå ein åker til ein annan. No lura de sikkert på koffår dei har fisk i risåkeren, og de kan me jo fortelja. Dei sett ut mange mange små fisk i risåkerane når risen er planta. Hensikten me detta e at fisken ska eta all plangtonet som veks runt risplantene for at risen ska få betre veksevillkår og meire næring. Då me skulle bli me å fløtta fisken tappa dei ut alt vatnet frå åkeren slik at det berra va gjørme att som all fisken dreiv å fresa rundt i.



Så jobben vår va å gå å plukke all fisken me nevan å putte dei i bøttu me vatn. De va så fisk i gjørma som de e løvetann i hagan heime. Me herja og leika som små unga i gjørma, og vart nedspruta i gjørme tå all den sprellande fisken. Den største fisken fekk me ta me og eta til frukost.





Her dusja me og vaska uss kor dag. Dossen e rett bak uss i bekken

Monkey Gandi ska upp å hente ei kokosnøtt te uss


Yum... Spicy



Ågot og Kåre-kamelon



Into the wild with the king of the jungel


Villan som kidsa har vokse upp i!


Ein mystisk form for sugekopp massasje. Ja, det ser vondt ut!


Aldri fekk me vera i fred, heller ikkje på badet



Bonding med dei søte gamle damun, dei va veldig ivrige i å fortelje uss kven dei var i familie med, og ko slags hus dei budde i!


Me takkar og bukker og er veldig takknemlig for å ha fått sett ein bit av det ekte Indonesia. Me elskar livet på Sumatra, og trur nesten me berre bli her. Så kjære venna og familie heime i Norge: dikken e hjertelig velkommen til vårt frukt-hus i Pagar Alam!
Over....