23. feb. 2010

Crocodiles cruise the river in Timor - Leste.

3 Januar sette me uss på flyet frå Bali til Aust- Timor. Det me visste før me reiste, var at me skulle besøkje ei dame frå Gol som jobbar som misjonær i ein liten landsby i Aust-Timor som heiter Weberek. Me hadde aldri møtt Anne Berit før, for me kom i kontakt me ho gjennom Gro Anita som me har jobba sammen me på Fretex. Ein ting me må si e at upphaldet vårt i Aust-Timor har vøri kjempespennande å heilt uttaom alt anna me har gjort...
Då me kom te Dili trudde me at me skulle reise rett te weberek (landsbyen der Anne Berit jobba), men like over nyttår hadde Anne Berit fått beskjed om at vasspumpa te landsbyen hadde slutta å fungere. Så me måtte reise upp te landsbyen og tilbake på ein dag for å sjekke ko som hadde skjedd. Det går nemleg ikkje an å vera der utta reint vatn. Krise for uss, men endå verre for dei 120 familiane som bur der fast, og er heilt avhengige tå vatnet frå pumpa... Anne Berit frykta at mange der ville bli sjuke tå ureint drikkevatn om ikkje pumpa vart ordna fort. Men då me kom dit etter 6-7 tima i firhjulstrekken, på den verste humpevegen, synte de se at pumpa va i orden, og at alt fungerte som det skulle... Bra va det, men me måtte jo berre reise attende te dili, for me hadde jo all baggasjen vår der... Så då vart det 6-7 tima i bil på humpeveg tebake te Dili samma kveld.
Dili e foresten ein snodig by. Den ser faktisk ikkje ut som ein by i det heile tikji... De e ingen høge bygninga å ingen store vega der.. Den virka ikkje større enn Drammen, å de finst ingen kjøpesenter å store butikka der... Berre mange små hus å gatemarked langs med vegen. Byen e full, ja faktisk FULL tå FN folk å bila, men dei ska etter planen trekkje se ut i 2012.... Når du køyre rundt i Dili, ser du endå fult tå nedbrente hus og ruinar etter at indonesia trakk se ut etter okkupasjonen i 1999. Heile byen ser eigentle ganske herja ut... Me va på biblioteket i Dili å såg på dokumentarfilma frå krigen der- timoreseran har lidi mykje stakkar folk. Sivile vart slakta som berre det, heile 1/3 tå befolkningen i landet daua i krigen for frigjering frå Indonesia!!



I Weberek hadde indoneseran bygd murhus å starta jordbruk før 1999, å der brann dei ikkje ned husa då dei for, så i dag bur dei fleste i landsbyen i dessa husa... Når du kjem inn i landsbyen e det som å reise 100 år tebake i tid... Alt er primitivt og gammaldags. Dei driv jordbruk på gamlemåten me hest å spade, å alle går rundt me vogni i stellafor bil å traktor... det står gamle traktorvrak overalt etter indoneseran i landsbyen, så utviklinga har faktisk hoppa tebake mange hakk etter at dei vart sjølvstendige. Men timoreseran vil helst byggje upp alt frå start på eigenhand. Å det e jo eignetle ein bra ting spør du uss... Rundt mellom alle husa spring det grisa, hønu, hana, geiter, hesta, kattu å ravmagre hunda. Dei som lid mest i timor må nok vera hundan. Dei bli sparka å slått, å fer nesten ikkje mat... Det e ingen der som bryr de om dei, å dei spring rundt me halen mellom føtan å øyrun klistra bakover, konstant redde å nervøse...



Etter to daga i Dili reiste me uppatt te Weberek me ein gjeng på 8 brasilianera + ein crazy kid. Ein tå dei kunne godt engelsk, å to kunne litt. Reisten prata så å si berre portugisisk, men då kom jo spansken te Ågot godt te nytte, for de e mange like å lignande ord...
Brasilianeran gikk på DTS (Disippel trener skula), og va på uppdrag i Aust-Timor, nokon i upp te 5 månada. Me va litt spent på koss detta sku gå, men dei va ein kjempeartig go-gjeng som me kjem te å savne!



Dagan i Weberek gjekk me på å bli me teamet frå Brasil i uppgåvun deiras + å bli me Anne Berit på dei daglegdagse uppgåvun ho har i landsbyen. DTS- studentan hadde annsvar for ein god del arbeid med dei lokale, som feks. mor-barn gruppe der ungan kan leike medan mødrene lærer om ting som hygiene, forebyggande helsearbeid, barneuppdragelse å Jesus. Så hadde dei sundagsskule for ungan, engelsk og portugisisk prate-klubb, heimebesøk ++



For tida driv dei me eit toalettprosjekt i landsbyen, for ein menigheit i Australia har kjøpt inn enkle utedo-toalett te alle som bur der. Men for å få toaletta å det som trengst for å byggje det, må dei grave høl te kloaken og slike ting. Så då måtte me gå rundt å sjekke kem som var ferdige, kem som dreiv å bygde å kem som ikkje hadde starta, slik att alle fekk det utstyret dei trengte te toaletta. Detta e eit viktig helse-tiltak for folka, sea dei til no berre har gjort sitt fornødende i buskun bak huset...



Ungdom i uppdrag har starta ein klinikk i Weberek, som dei lokale no har annsvar for å drive sjøl. Før hadde Anne berit annsvar for den. Arbeidet Anne Berit og gjengen driv i landsbyen er helseforebyggande arbeid, der målet er at dei lokale skal ta over og klare seg sjølve etter kvart.
Eit stort problem i Weberek er tuberkulose å malaria. Mange er sjuke og mange har så store skader på lungene etter tuberkulose, at dei ikkje kan arbeide. Detta bli eit stort problem for ein familie me kanskje 8 ungar, når mannen ikkje kan arbeide i åkeren, og ikkje kan tene peng. heldigvis er det fadderar i Norge som støttar dei familiane som er hadast ramma tå sjukdomar.
Ein dag me va ute å vandra mellom husa i Weberek med Anne Berit og Jessè, kom me tilfeldigvis forbi medan dei lokale hadde opning av den nye kokkosnøttolje-maskina dei hadde fått frå ein menigheit i Australia. Med maskina kan dei presse all olja ut av kokkosnøttene. Denne olja er kjempegod å laga mat med, og kan etter kort bli ei ekstra inntektskilde til folka i den fattige landsbyen.



Ellers har me vøri me på bibelstudiegruppe som anne berit har starta upp. den har dei lokale annsvar for no. Religionen i Aust-Timor er katolsk, å dei katolske prestan å nonnun i Weberek er svært lite begeistra for misjnærane å det dei driv med. Ein av prestane hadde faktisk trua med å brenne ned basen deiras. men befolkninga ellers er opne og possitive til alt dei gjer der... Litt komisk at nabohust til basen e huset til nonnun da... Anne berit trur at dei katolske nonnun å prestan trur at kristendomen er ein form for kult, og dei har visst gitt klart uttrykk for at dei ikkje vil sjå at dei startar ein kristen menigheit der. så litt motgang møte dei...



Ellers er jo anne berit jordmor, så me har vøri på fleire baby-besøk te nyfødte babya i landsbyen. Dei fleste har 8 unga +, så de kryr me smårollinga overalt.



Ungan e kjempenyskjerrige på uss "malaya", som dei kalla utnlendingan. Å fotoapparat e kjempepoppulært når dei kan sjå se sjølv på kameraet etterpå :)
Ellers e me avhengige tå sol for å ha strum å vatn på basen, så på gråe daga måtte me klare uss utta. Men de e jo ein del tå upplevinga.

Her henta dei vatn....

I huset budde me sammen me Anne Berit og dei 8 brasilianeran. Så kor dag hadde alle forskjellige arbeidsuppgåvu i huset. Me hadde som regel annsvar for vasking, og uppvask etter måltida. Det va alltid brasilieneran som laga maten, og i løpet av ein dag hadde me tre måltid. Frokosten besto tå kaffi eller te og to loffskiver te kor. ikkje akkurat norsk frokost, men alt bli ein vanesak etter kvart.. dugul å nons besto bestandi tå varm ris og frityrsteikt kjøt og/eller grønnsaka og bønner. Brasilianera bruka sjukt mykje olje å salt i maten sin, einsformi etter 3 viku tenkte me, men heilt ok.



Me vart spessielt godt kjent med ein av brasilianeran som heite Jessè. Han va vel rundt 28 år, men te vår store begeistring vart han me på alle dei barnslige påfunna våres. I starten gikk det litt treigt med kommunikasjonen, men når engelsken hans bynte å komma tebake å spanske gloser poppa upp i hukommelsen, gikk samtalene som berre det:) Så etter tre viku hadde me mykje morro å sjå tebake på, som dancing in the rain, sjokoladepålegg, thunder cats å fine familieportrett...



Ellers vart me bestis me Matheus, sønnen te Cleia og Cleber på det brasilianske teamet. Han va 3 år, å super-hyper. Me lærte mange portugisiske ord mens me herja me den vesle luringen. Yndlingshobbyen vår va å jakte på "sapo" - frosk, på kveldane. Det krydde tå froska å gekkoar i alle størrelsa me alle slags rare lyda der.
Ei nått fekk beate besøk av ein gekko uppi senga si, å de e ikkje så kjekt når de e heilt mørkt å ingen straum. De va foresten ein heil gjeng me gekkoar å mus som hadde busett se på rommet te Beate. Å siste nåtte va de så mykje aktivitet å mord inne på rommet te beate, at ho måtte søkje asyl i senga hjå ågot.

Beate å Anne Berit på eit lokalt marked litt uttafor Weberek.

Rart at ein plass kan vera så innmari ulik norge!
Naturen på Aust-timor e heilt fantastisk! tropekledde- høge fjell, tronge dalar, elver, flotte havutsikter, strender... Alt ser heilt urørt ut, for de e jo nesten ikkje folk der... å så e de små idylliske landsbyar her og der med lokale hus, bygd på pålar... kjempetøfft!

Lokal mat....

Mamma-malo, drugs som dei lokale tygg som skrå...

No har me akkuratt kommi tebake te bali etter tre spennande å annleis viku i aust-timor. Turen tebake te bali va eit mareritt frå start te slutt, men no har me innlosjert uss på eit billig hotell me svømmebasseng dei neste to dagan- rehabilitering. Ågot har vøri så heldig at ho har bytta på å ha øyreinfeksjon på begge øyrun i tre viku no, så flyturan va ikkje så veldig digg... men no går ho på antibiotika, så alt bli bra te slutt... å beate har max- uflax, for kvelden før me sku reise tok Anne Berit uss me for å eta iskrem. men den trur me at ikkje va så bra, for ho vart mildt sagt matforgifta! Heile nåtte før me sku reise gjekk for hennas del me på å krype på do å tebake me bøgadritu-diare å magasmertu! De e ikkje så digg i 30 varmegrader.. hehe... neste mårgon gjekk flyet te darwin kl 8.00 å me sku vera i darwin heile dagen te flyet te bali gikk kl 19.30... stakkar beate hadde proppa i se imodium i håp om bedring, men den gong ei... Beate både besvimte å spydde midt i handlegata i darwin sentrum! Crazy!
Då me kom tebake te flyplassen satt me rett uttafor doen så lenge me kunne før me skulle sjekke inn, men då fekk me veta at me måtte ha flybilett ut frå Bali for å få bli me på flyet, å de hadde me jo ikkje tenkt på, for flybiletten te Bali kjøpte me i all hast samma dag som me reiste te Aust-Timor... Dama i skranka sa at me skulle få 20 min te å kjøpe returbilett ut frå bali, å om me ikkje kom tebake me bilett inna då, fekk me ikkje bli me på flyet! KRISE! Heldigvis fann me ein internettdata på flyplassen å rakk på minuttet å kjøpe returbilett ut frå bali før gaten vart stengt... hehe, typisk uss! Men som mottoet vårt si "Alt ordna se te slutt" jejeje....

Takk for ein kjempespennande tur te Timor- Leste!
- Over