22. jan. 2010

Chengdu and all the cute panda's


Før me reiste frå Astrid hadde me skrivi ned alle mulige setninga me kunne trenge, på kinesisk, for å få kjøpt billett på toget til Chengdu. Men det hjalp lite når alle bilettane var utsolgt 4 dagar fram i tid. Beate den Lure kjem på at det er flyplass i Lanzhou, og spør den snille dama i køen bak uss om ho kan hjølpe. Ho ordnar og fiksar og vips har me eit fly allereie neste dag. Ho bestemer seg for å finne eit hotel me kan bu på til dagen etter. Så invitera ho uss ut på restauranten der ho jobba som pianospelar om kveldane. Der fer me godt selskap tå sjefen, den lengste og tunnaste kinesaren me har sett. Sjefen gjer ho fri resten tå kvelden så ho kan henge med uss hjølpeslause whale warriors! Flaks for uss, tek ho uss med på den største spelebula me har sett so long. Der e det speleautomata så langt auge til Ågot kan sjå (ca. 100m). Der heldt me spelinga gåande for den nette sum av 20kr med både vinning og taping. Ho konkluderte med at me ikkje var skapt for gambling, for me satsa alt for mykji peng kor gong. yeh yeh yeh.
Beate fekk ein heil venn på bussen til flyplassen, mens Ågot fekk berre ein halv.com.

I Chengdu rygga me inn i Sim's cozy guesthouse, som står godt til navnet. Dei veit akkurat kva ein backpacker vil ha. Her vart me buande i 5 flotte dagar.
Raaaaaamsey!!!!! - vår nye heimlause ven frå kem veit kor.
Chengdu er kjent for Panda breeding senter. Dit reiste me for å helse på lazy pandas. Etter pandaturen inviterte Ramsey uss med på buddahtur. Han var super gira, for buddahen me skulle helse på var over 70m høg. wow.
Han kunne kunsten å prate kinesisk, noko som alltid kjem godt med. Planlegging er han derimot ikkje så god på. I likheit med uss. På bussen finn Ramsey ut at me mest sansynlig ikkje kjem til å rekke siste bussen heim. Dette fiksar han med å flørte litt me ei snasen kinadame. Viss me ikkje rekk bussen skal me få sova hjå ho.
Buddahparken var kjempestor med utrulig mange forskjellige og innponerande buddah statuer. Heldigvis for uss har me ein stålkondis, så me rakk siste bussen heim allikavæl. Men kvelden er enndå ung, for raske-Ramsey vil ha uss med på middag. Middagen me åt var spicyhot og kjempegodt.





Den unge mannen har øyre for musikk, og på merkelig vis endar me upp på manneklubb/klubb for mann. Klubben fungerar slik at unge jentu, som vil tjene ein ekstra slant, dressar seg upp og stiller seg langs veggen inne på klubben. Det kostar 10 yen for ein dans med ei av jentene. Og 100 yen per time for at jenta skal sita og prate med mannen ved bordet hans. Det er ikkje lov til å kjøpe andre tjenestu tå jentun på klubben. Å ingen jentu har lov til å sette seg ved eit bord utan å bli kjøpt/betalt. Heldigvis slapp me undå og kunne sette uss ned med ein gong.
Resten tå upphaldet i Chengdu gikk med på å gå uss vill i byen, for så å finne vegen heim at. Kjempekjekt!






Politibuss i Chengdu


P.S: Beate trudde at Ågot rista i senga, men det synte seg at det var eit lite jordskjelv!
Over...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar