3. des. 2010

Java - for dei som lika straumande lava!

Atter ei gong krabbar me inn i bilen for å legge ut på nye eventyr.
Bilmerke: Toyota
Destinasjon: Batukaras - Vest-Java
For å komma uss te destinasjonen vår, måtte me finne fram i laburynten-Jakarta. Her tårna det 132m høge nasjonale monumentet, som symboliserer den tidlegare frigjeringa av Indonesia. Bygginga starta i 1961 og var ikkje ferdig før 1975. På toppen er det ei flamme som er dekt av ekte gull.




Sumatra er hovedstasjonen for produksjon og eksport av marihuana til resten av Indonesia og Australia. Når me kom på kaia i Sumatra kom det 5 ekle politi-menn som skulle sjekke HEILE bilen vår. Dei tre indoneseran me reiste med vart veldig nervøse og fortalde uss at det er vanlig at politiet plantar narkotika i bilar på kaia i Sumatra. Dei samarbeidar med politiet på Java, slik at når ferja legg til kai på andre sida finn dei marihuanan i den utvalgte bilen. Viss dei ikkje har nok peng å bestikke politiet med på staden har du bæsja på leggen, og får eit triveleg besøk med eit indonesisk fengsel. Kvitingar er jo kjent for å vera rike og velståande, og politiet veit at dei kan få mykje peng ut av det. Me må innrømme at me vart litt sveitte i hendane, for fenselet her har me ikkje høyrt så koselig ting om. Det er også døds-straff for smugling av narkotika i Indonesia. Me gikk gjennom alle tinga våre og dobbeltsjekka fleire gonger for å vera sikker på at me ikkje me var av dei uheldige. Heldigvis kunne me rulle utan problem mot Jakarta når me kom til andre sida.





HJELP! ikke spis meg, ikke spis meg...

...JO! spiiiiis meg!!!


Med flat fu og stive musklar kjem me fram te ein sjarmerande liten fiskarlandsby på Java. Me har kjøyrt eit dygn i strekk, og Gandi, den eine sjåføren vår, er glad for å vera heime i kjente trakter. Ting tar tid på slike plassar, så mens me ventar på lykjilen te rommet vårt tek me ein liten sightseeing-tur rundt i nærmiljøet. Me vert fortalt at Batukaras var ein av dei plassane der tsunamien ramma hardast i jula 2004. Rundt omkring ser me ruinar frå øydeleggelsane.



Ein Ågot i det fjerne


Her er ein av dei plassane som vart hardast ramma av tsunamien




Me kjøpte fisk og hadde ein liten bbq fest. Taliken vår e eit stort bananblad!



Me tenkte me skulle la sjåføran våre få ein god nått søvn, så me sov ute i hengekøye, med eit heidundrane tordenvær som gjest midt på nåtte. Hjølpe meg!



Neste dag snublar me over eit lite paradis inn i den tjukkaste jungelen. Apekattane dinglar i lianar og slangar i alle moglege fargar slangar seg i trea. Nokon uidentifiserte kokosnøtt-angrep høyre så klart med. Ågot og Beate bestemte seg for å symje inn i den spennande grotta i paradiset. Me stussa litt då ingen ville følgde etter og då dei masa grådig om at me skulle snu. Legenda si at elva som renn her tok mange liv, og at det bur eit uidentifisert monster inne i grotta (sannsynligvis ein kjempe slange). Ågot mangla ein negel på vesletåne og Beate mista ein bit tå hælen.






Asep e svær fornøygd med å ha kome seg under fossen og inn i den koselige grotta


Me e så klart veldig fornøygde me med!










Me måtte rømme frå det uidentifiserte monsteret.


Svært farleg, men me krabba til slutt sliten, men i livet opp på land litt lenger ned.

Welcome to the jungle



Se min kjole, den er grønn som Green Canyon,
Alt hva jeg eier det er grønt som den
Det er fordi jeg elsker alt det grønne
og fordi ein slange er min venn



Ei grøn grøn elv midt inne i den tettaste jungelen, med svømmande iguanar og utallige fuglar. Vilt, vakkert og vått. Ettersom det vasstette kamera viste seg å ikkje vera så vasstett alikavæl har me desverre ingen dokumentasjon på Green canyon's sjønnhet. Men me har juksa litt og tatt i bruk google.com.




Hallo trøtte tryne, ko e de som skjer? Det regna oske! Me ankom i Jogya seint på nåtte. Alle heime i Norge har vel fått med seg vulkanutbruddet på Java. Me hadde så flaks å dukke upp same kvelden som det andre store utbruddet. Bilen va full tå oske og det låg like tjukt som nysnø i gatun. Det regna i håret og stanken tå svovel va ikkje veldig appetittvekkande. Eit lite innkjøp tå munnbind vart sett på som nødvendig.






Asep føle han ikkje får nok røyk i lungene frå vulkanen!



Planen va å reise til Borobudur, som er det største buddhistiske monumentet i verda og eldgamalt. Men det var stengt på grunn av den dumme vulkanen. Eit nytt forsøk dagen etter. Det var som å kjøyre gjennom ein spøkelsesby. Hus og tre va dekt av oske, og mange av taka var rast sammen frå tynga av oska. Elva var full med oske og kjemikalar og alle fiskane døde. Mange av inbyggerane i landsbyande omkring evakuerte, men nokon av innbyggerane valgte å bli igjen. Me fann det lurast i å flykte etter synet av den sinte vulkanen. Ganske kult å ha opplevd og sett eit vulkanutbrudd live, og ikkje på tv.

Absolut all fisken i elva va død.



Borobudur som ein liten prikk. Litt surt, men me tek det som ein god unnskyldning for å reise attende:)

Sicko?!?!


Viss du ser den raude ringen, så kan du så vidt sjå røyken frå vulkanen! Exiting


Som trøyst stakk me innom eit anna tempel på vegen. Meininga va at det skulle vera 100 tempel i ulike størrelsar, men eit stort jordskjelv hadde tatt knekken på dei fleste. Javaneserane mistar ikkje motet av den grunn og planen er å bygge upp at alle sammen!


Asep og Somat posar vakkert for fotografen


The three too soons


Turbanmannen og burkadama


Tempelridderane


"Boss" ville vera med på bilete, me kunne så klart ikkje si nei


"Sapi gila"


Mafian

Sjekk det flote hovudplagget til Somat...!
Rudolf stakk innom for å spørja ko me ville ha te jul


Furte-Birte!


Birte e glad igjen etter at me fekk leigd uss eit heilt hus med tre soverom for skarve 300.000 Rp (ca. 180NOK) pr. nått



Me har ein forkjælighet for vulkana og tok vår siste stopp på roadtripen vår ved Bromo. Bromo er ein aktiv vulkan, som fekk utbrot under to viku etter at me var der. FLAKS! Trur kanskje me blir jakta på av indonesiske vulkana. Ågot har sett slike aktive monster med røyk før, men begge to var veldig fasinert av bromminga og gurglinga til denne tidsbomba!


Gansta-Wangsta

Bob og Kåre med håret

Tjolahopp

La oss byggen en pyramide for fred!

On the road again. Me e på veg opp te Bromo.


Asep e litt redd og gjøyme seg bak ei søyle

Den brommande og litt hissige tidsbomba. Det stinka egge-fis!
Litt ris er godt for ein gamal skrott


Det flotte rosa huset vårt

Smoki'n


Somat ville helst symje i land. Me måtte vente 2 timar på kaia.


Ein liten kucing gila
Det føles litt leit å forlate bilen vår som me bokstavig talt har budd i desse vekene me har opplevd eit heilt anna Indonesia. Litt forfjamsa og slitne sitt med på eit stinkande råttent rom på Bali og saknar det primitive campinglivet. Indonesia har utrulig mykje å by på. Alt frå utsøkt, siklande god mat til eventyrlig natur. Folk og fe e godheten sjølv, så lenge du er i følge med lokale (ellers kan det bli litt for mykje av og te, og då e det godt å ha nokon å gjøyme seg bak). Me takkar for ein magisk tur, og ser fram te nye eventyr.
Over...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar